 |
JEGERNES JAKTFORUM DISKUSJONSFORUM
|
| Vis Forrige Tema :: Vis Neste Tema |
| Av |
Innlegg |
RS_jenssen Moderator


Ble Medlem: 06 Apr 2005 Innlegg: 103 Bosted: Frei
|
Skrevet: Man Nov 13, 2006 3:15 am Tittel: litt om kråkejakt |
|
|
lastet ned denne tekst fila en plass, husker ikke helt hvor eller hvorfor. men det står mye bra her.
Kråkejakt
Dei siste åra har antalet kråkefuglar stege drastisk. Dette fordi forbrukarsamfunnet har fått ei heilt ny betydning enn før, og aldri har vi dumpa så mykje på bossplassen. Vi pleier å seie at vinteren er viltets flaskehals, med lite mat og harde kår for fugl og pattedyr. For kråka sin del er ofte saken ei heilt anna, ettersom kråker, ravn og skjærer om vinteren trekk til dei mange bossplassane rundt om i nærmiljøet, og finn nok av mat her.
Stigninga i antal kråkefuglar har sjølvsagt noko å seie for andre artar i den norske faunaen. Kråke og ravn er kjend som reirplyndrarar, både i skog og på fjellet. Dette gjv ei uønskjeleg nedgang i småviltbestanden. At kråkefuglane herjar fører også til ein nedgang i bestanden hos dei andre rovdyra i naturen. Færre byttedyr gjer matsøket vanskelegare for rev, mår, hauk og falk. Det er synd og skam at naturen skal betale dyrt for menneskets laussluppne kjøpe-kaste kultur og dette vil eg at vi som jegerar må gjere noko med, i form av hardare jakt på kråkefuglar.
Vanskeleg jakt
Vi har i Norge fire jaktbare kråkefuglar; kråke, ravn, skjære og nøtteskrike. Kråke og ravn har frå gamalt av vore kjend for å vere særs forsiktige og intellegente. Dei fleste jegerar har prøvd å snike seg innpå kråker, og har erfart at dette ofte er tilnærmeleg umogeleg. Kråkene har godt syn, og får dei ein minste mistanke om at noko ikkje er slik det skal vere er dei raske med å skugge unna. Dette krev ekstra aktsomheit frå jegeren si side. Nedanfor kan du lese meir om mine erfaringar frå jakta på kråkefuglane.
Åtejakt på kråke
Med kråkefuglane som mål er nok ikkje åtejakta den jaktformen som gjev mest fangst, men den er ein av dei mest nervepirrande og utfordrande! Det går ut på å la kråkene kome til deg, noko som er langt enklare for deg som jeger, enn omvendt. Ei forutsetning for åtejakt er å ha eit åte. Det kan for eksempel bestå av trafikkdrepne hjortedyr, småfisk, eller vanleg matavfall etter søndagsmiddagen. Den nye regelen om at sjølvdaude husdyr, og slakteavfall etter dei er ulovleg til bruk som åte trur eg vert overgått av dei fleste jegerar her til lands, og denne åtetypen vert nok mykje brukt.
Plasseringa av åte kan ha mykje å seie for om det vil ha mykje besøk av kråkene. Eg har gode erfaringar med å plassere åtet midt ute på eit oversiktleg jorde. Her har kråker og ravn god oversikt og er meir villege til å gå ned på åtet. Små lysningar i skogen, eller små hogstflater er òg mogelege åteplassar, men her vegrar fuglen seg meir for å lande. Dette er nok fordi den ikkje kan flyge lavt å granske terrenget før den set seg. Fuglar har naturlege instinkt for at rovdyr som rev og mår kan lure i skogkanten, og dei er derfor meir skeptiske til å setje seg her. Om åtet ligg ute på eit flatt jorde har kråkene meir oversikt frå lufta, og føler seg tryggare for å lande. Det bør forøvrig være store trær, linjestolpar eller liknande som kråkenen kan setje seg i medan dei granskar herligheitene ute på jordet.
Korleis kråkene og ravnen oppfører seg på åtet syns meg å vere opp til forholda. Været har mykje å seie. Mengda og typen åte har og litt å seie. Ferske innvollar, som luktar mykje verkar som ein magnet på kråkene. Nedanfor har eg skreve opp eit vanleg handingsforløp ein morgon på åtet:
Det er ikkje heilt lyst endå, og jegeren ligg anten på sin post, eller i senga. Sistnemnte anbefalast ikkje!
Det er så godt som lyst og dei første kråkene kjem til området rundt åtet. Gløden tennes i ei tolmodig jegersjel.
Kråkene flyg rundt og speider. Andre held utkikk frå høgre punkt, f.eks eit tre eller linjestolpe. Kråkene signaliserar at her er det mat. Andre kråker høyrer gjerne matsignala, og kjem til området.
Kråkene flyg lågare og lågare mot bakken, gjerne rett over åtet. No er det like før dei set seg! Jegeren kan gjerne gjere seg klar til skot, så slepp han å bevege seg for mykje når det verkeleg gjeld!
Ei eller få kråker set seg på bakken, oftast nokre meter frå åtet. Viss jegeren jaktar med rifle må han passe på at kråka sit i ro når han let skotet gå. Når kråkene sit slik, berre nokre meter frå åtet gjer dei nemlig små byks og steg i retning åtet, med svært korte mellomrom. Dette kan ofte vere ganske så nervepirrande for ein oppglødd jeger. Når jegeren har valgt seg ut ei kråke må han vurdere situasjonen, og deretter kan han la skotet gå.
Viss jegeren i dømet over gjer alt riktig kan han seinare hente eit velfortjent bytte. Scenarioet over kan seiast å vere eit gjennomsnitt. F.eks spelar været mykje inn på aktiviteten på åtet. Kråkene oppfører seg annleis i stille vær, enn i sterk vind. Ankomsttida til kråkene varierar òg sterkt. Somme dager er kråka på plass medan det enno berre er halvlyst. Andre dager kan det li langt ut på føremiddagen før det vert noke fart på fuglen. Kor lang tid det tek frå kråkene ankjem åteplassen til dei våger å setje seg på åtet varierar òg. Spesielt ravnen er svært varsom med å lande på bakken. Det kan ta opptil to timar frå ravnen ankjem området, til den set seg på åtet, om den i det heile teke set seg då. I andre tilfeller kan ravnen kome til åteplassen og setje seg direkte. Dette skjer nesten utelukkande når ravnen har fått opptre uforstyrra på åtet tidlegare på dagen.
Med rifle på åtet
Ved ei slik åteplassering er rifle nok det mest aktuelle våpenet. Jegeren kan då ligge i skjul eit godt stykke unna, noko som minskar sjansen for å bli oppdaga. Passeleg skothald til åtet med rifle er 50-150 meter, alt etter forhold, redskap og skyteferdigheiter.
Sjølv om jegeren ligg langt unna åtet kan han fortsatt bli oppdaga av kråkenes skarpe syn. For å unngå dette er det viktig å kamuflere seg godt. Har du ikkje eit skjul å gjøyme deg i må du være ekstra nøye på bekledning. Kle deg i naturlege fagar som grønt og brunt, og dekk til så mykje av kroppen som mogeleg. All bar, kvit hud lyser opp i naturen. Du bør derfor ha på deg hanskar, og dekke til fjeset med ei finlandshette, eller på andre måtar, f.eks med kamuflasjekrem. Viktigare enn kamuflasje er det å oppføre seg riktig.
Regel nummer ein er å sitje stille. Kråker og ravn sirklar alltid over åtet, eller sit seg for å observere i nærmaste tre. Dei er spesielt merksame på bevegelsar. Bestrev derfor å bevege deg så lite som mogeleg. Det å strekke seg for å prøve å sjå fugl som eigentleg er utanfor ditt synsfelt er ofte risikabelt. Då kan du fort eksponere deg for kråker du ikkje har sett, og jakta kan vere spolert.
Prøver du å snike deg inn på åtet medan det er fugl i nærleiken, merkar du fort at kråkene er vaktsame. Medan nokre av kråkene sit på åtet vil andre site vaktpost i trea, eller flyge rundt og speide. Det hender ofte at kråkene ser deg, men ikkje er heilt sikre på kva det var dei såg. Då vil kråkene som oftast flyge nærmare og sirkle over området for å undersøke saken nærmare. Om dette hender bør du fortast mogeleg prøve å bevege deg i skjul av trær, busker, steinar eller elles det naturen har å by på av skjul. Kjem det kråker over deg medan du er eksponert må du fryse bevegelsen og stå stille til dei er ute av syne. Er du tilstrekkeleg kamuflert, hender det at kråkene ikkje ser deg sjølv om du står ute i åpent lende.
Som antyda ovanfor er det best å vere på plass ved åtet når det ikkje er fugl i området. Helst bør ein vere klar medan det framleis er mørkt. Kråkene, og særleg ravnen er tidleg ute, så ventetida vert sjeldan lang sjølv om du er tidleg ute. Å befinne seg ved åtet når det byrjer å lysne er oftast ei passande tid, men fortvil ikkje om du ikkje rekker grålysninga. Eg har sjølv ein ”treig” jaktkompis som ofte er seint ute. Nokre gonger er kråka på plass allereie før det har blitt heilt lyst. Nokre gonger står saka heilt annleis, og kråka møter ikkje opp ved frukostbordet før langt ut på føremiddagen. Eg veit ikkje heilt kva som gjev denne svingninga, men eg kan tenke meg at været speler ei stor rolle her.
[Med hagle på åtet
Om du vèl å bruke hagle til slik jakt må du postere betrakteleg nærmare åtet enn med rifle. Passeleg skothald er 25-30m og når ein sit så nærme seier det seg sjølv at det er lettare å bli oppdaga. På den andre side gjer dette jakta mykje meir spanande, ettersom ein kjem veldig nær dette ellers så sky og varsame dyret. Ingenting er som det å sitje på post ved åtet, kald og lei, for så plutseleg å høyre tunge vengjeslag rett over treet du sit gjøymd under. Då byrjer hjartet å banke eit par hakk fortare og frosne lemmar vaknar til liv att. Frysing. Skal du bedrive åtejakt på kråke må du belage deg på å fryse ein heil masse. For ein kan aldri sitje for lenge på post. Det er mine erfaringar i alle fall. Det er veldig typisk kråka å ankomme åteplassen akkurat i det jegeren har fått nok, og har forlete posten sin. Eg veit ikkje kor mange gonger eg har stått nokre hundre meter frå åtet, og ønska at eg hadde vore trufast mot posten min berre eit par minutt lengre. Eit godt skjul, med liggeunderlag, og presenning over hjelper deg langt på veg når du ligger å venter på kråka ein frostig desember morgon. Har du i tillegg pakka deg inn i soveposen er du godt rusta til mange timar på post
Kråker kjem ofte til åteplassen i flokk. Om du har tolmodigheit, og tar sjansen, kan det vere ein fordel å vente til fleire enn ei kråke har landa på åtet. Dette kan gje gode sjansar til å skyte to fuglar i eitt skot. Eg påpeikar i dette høvet at kråker og ravn ofte er ganske så hardskotne. Slik skyting bør derfor berre føregå om jegeren kjenner sin ammunisjon og vurderar situasjonen godt før skotet går. Det er ein fordel, for ikkje å seie ei føresetning at du med så små beveglesar som mogeleg kan få hagla i anlegg når du skal skyte. Må du bevege deg mykje er det stor sjanse for at kråkene fattar mistanke og flyg sin kos før du får sagt ”faen!”
Med hagle har du den fordel at du kan skyte på flygande fugl. Kråkene sirklar som sagt over åtet før dei set seg. Slike overflygarar kan by på mange spanande situasjonar og god uttelling for deg som er god å skyte.
Etter nokre veker vil du ha erfart litt om korleis kråkene oppfører seg på den åteplassen du har valgt, og du kan ut frå desse erfaringane velge plassering av deg sjølv. La meg ta meg sjølv som eksempel. Eg har i år ein åteplass på eit stort jorde oppe i skogen. To av sidene av jordet er omkransa av tett granskog, dei to andre sidene er meir opne, med eit og anna bjørke- og oretre, samt ein del orekratt. Den lengste sida er open og ligg ned mot bygda som er ca. 700m unna. Kråkene kjem nede frå bygda og opp til jordet, mens ravnen kjem ovanfra over granfeltet. Det som er spanande er at det er forholdsvis enkelt å snike seg opp til desse oretrea usett, og sitje her i skjul av orekrattet med god oversikt til alle kantar. Saka er nemlig den at medan nokre kråker sit på åtet flyg andre att og fram over dette ore-området i lav høgde for å speide. Dette skapar gode skotsjansar. Når eg skyt på vaktkråkene vert kråkene som sit på åtet skremde og flyg. Det som er heldig for meg er at dei alltid veljer å flyge over dette ore-området for å kome seg ned til bygda, noko som ofte gjev fine skotsjansar for ein velplassert jeger.
Kamuflasje
God kamuflasje er ein forutsetning for å lukkast med hagla på åtet. Som tidlegare påpeikt har kråka særs godt syn, og granskar området nøye før den landar på åtet. Ein god skjulestad kan enkelt byggjast. Ei lita hytte med veggar og tak av europallar dekt med granbar kan fungere bra. Er du imidlertid så lusuriøst stilt at du er innehaver av eit kamulasjenett kan du med fordel erstatte taket i skjulet med eit slikt. Dette vil bryte kontrastane dine, og samtidig tillate god utsikt. Viktig med ei slik hytte er at det ikkje kjem for mykje lys inn i hytta. Dess mørkare det er inne i hytta, dess betre. Når kråkene sit ute i lyset vil det nemlig bli endå vanskelegare for dei å sjå deg om du sit inne i mørkret. Er det før lyst inne i hytta, eller du sit foran ein lys bakgrunn vil kråkene sjå siluetten av deg. Følgene av dette vil truleg spegle seg i fangsta.
Du kan sjølvsagt ta i bruk det skjul naturen har å by på. Eg har for eksempel skote ravn på åte berre 10m borte når eg sat inni ei skjørtegran. Dette fungerar utmerka, ved at store fyldige greiner nedst på treet skjuler jegeren godt. I tilfellet over hadde eg vèl å merke på meg naturfarga klede i grønt og brunt, samt hanskar og grøn ansiktssminke. Eg kan vel seie at det i bunn og grunn er kamuflasjen som er viktigast, men ein jeger som kan å utnytte det skjul naturen kan gje har endå eit forsprang.
Lokkejakt
Ein annan jaktmetode på kråker er lokking. Dette går føre seg ved at jegeren anten har ein kråkelokk eller kan kunsten å imitere kråkas hissige skrik. Denne forma for kråkejakt er min favoritt. Eg har opplevd lite som er så spanande og givande som å ”snakke” med kråker som sit i trea like ved. Med lokken i den eine handa og hagla i den andre kan ein oppleve mange minneverdige hendingar. Eg bruker svært ofte lokken når eg sit på post ved åtet. Denne kobinasjonen funkar godt ettersom kråkene sannsynlegvis er meir villege til å lokke seg til ein plass dei veit det er mat. Dei oppfattar nok lokkinga som eit klarsignal om at kysten er klar. Eg har sjølv erfart at kråkene har vanskeleg for å setje seg på åte når eg lokkar dei. Dette har kanskje noko med det at dei ikkje ser ”artsfrenden” som har invitert dei til festmiddag. Dette kan gjerne kompanserast for ved å plassere ei lokkekråke i toppen av eit tre i nærleiken av deg. Dette har eg enno til gode å prøve, men i teorien skulle det funke. No høyrer det jo med at mange teoriar som har slått feil opp gjennom tidene, men i jaktsamanheng er alt verdt eit forsøk.
Når du lokkar med ei lokkefløyte er det viktig å lage dei riktige lydane. Kråkene signaliserar at her er det mat i nærleiken ved å lage omtrentleg fire kra etter kvarandre på omtrentleg to sekund, kra-kra-kra-kra. Kor lange kvart skrik skal vere er nok ikkje så farleg. Det er viktig at du lagar låge lydar når du byrjer lokkinga. Om det sit kråker i nærleiken vil dei bli skremte om du bles ein kraftig serie. Det vil verke unaturleg på dei. Start derfor svakt, og auk styrken på seriane om ingen svarar i nærleiken. Om du får svar, eller det kjem kråker må du fortsetje å lokke, men tilpasse styrken etter avstanden. Kråkas varselssignal lyder ka-ka-ka-ka. Pass deg for å laga slike lydar. Elles er det lite eg kan seie om lokkelydar. Du kan også imitere ei skadd kråke. Med dette signalet kan du lokke kråkeflokken tilbake etter at du har skote ei kråke på åtet. Lyden kan samanliknast med hareskrik. Når du byrjer å syns synd på ”kråka” du imiterar har du gjort det riktig! Dette signalet kan også kobinerast med bruk av hubrobulvan, men det skal eg kome tilbake til seinare. Prøv å lytte til kråka neste gong du sit på åtet, og merk deg lydae dei lagar. Prøv så å etterlikne desse med lokk eller med munnen. Tips om lokking, og lokkelydar kan du finne på www.crowbusters.com
Jakt med hubro
Denne typen jakt har eg ikkje prøvd i så stor grad, og eg skal inrømme at eg faktisk ikkje har fått huboren til å verke som den skal endå. Derfor er det som står under om denne jakta tips og erfaringar eg har fått ved å lese anna litteratur. Kråkejakt med hubro speler på kråka som ein mobbar. Kråker har ein tendens til å ”jage” sine naturlege fiendar. Dette gjer kråkene berre når dei er fleirtalege. Dette instinktet hos kråkene kan du som jeger utnytte, ved at du plasserar ein ”fiende” i eit terreng der det vanlegvis ferdast kråker. For eksempel ved kråkenes naturlege trekkvegar. Denne ”fienden” kan vere for eksempel ein utstoppa hubro, eller ein hubro i plast. Du plasserar denne i toppen av eit tre, eller ei lang stang, gjerne i siluett, slik at kråkene lett oppdagar den. Plasserar du bulvanen, som vi kallar det, på ein plass der kråkene ofte ferdast, vil den truleg bli oppdaga ganske fort. Då gjeld det å sitje klar skjul, å skyte det du klarar. Når kråkene angrip hubroen i flokk, gløymer dei sin vanlege varsamheit, og ensar knapt smella frå hagla. At dei ser artsfrendar dukke under for skota kan berre verke meir opphissande på kråkene.
Når du skal plassere hubroen bør du tenkje på at den må vere lett å oppdage. Å setje den på ei lang stang på ein haug eller eit jorde kan fungere godt, sjølv om det nok er meir naturleg for kråkene om den står i toppen av eit tre. Det er òg eit godt tips å setje opp hubroen etter mørkets frambrot, ettersom kråkene vil skjøne at det er fabrikklaga ugler i mosen om dei ser deg fikle med den livlause hubroen.
Ein ting som er viktig å hugse på er at du ikkje må skyte den første kråka som kjem. Om denne får leve vil den fly tilbake til flokken og hente fleire kråker, noko som vil føre til fleire skotsjansar og meir spaning. Når kråkene går til angrep sirklar dei rundt hubroen og stupar ned i angrep. Derfor er det godt å ha eit skjul der du både kan skyte på angriparane og overflygarane. Er det vind, vil kråkene legge seg på vinden, og stå heilt stille i lufta! Dette kan gje mange enkle skot.
Det er også lurt å ha ei hendig rifle i bakhand inne i skjulet ettersom nokre av kråkene ofte sit seg i trea rundt hubroen.
Om du ikkje har ein utstoppa hubro, eller ikkje vil bruke hundrevis av kroner på ein plastversjon, kan du alltids lage hubroen din sjølv. Ein enkel metode er å forme eit stykke isopor som ein hubro, male den med dei rette fargane, og lime på nokre fjær som kan likne på hubrofjær som ”augeduskar.” Det er viktig å ha store fine auge på hubroen. Kråkene let seg nemlig lett terge av auga til hubroen.
Du kan også bruke ei såkalla revevippe. Då festar du eit reveskinn i enden av ein planke, slik at ryggen på reven vender opp. Skinnet vil då likne ein rev frå lufta. Clouet er at planken du festar skinnet på kan vippast opp og ned, som ei huske. Kråkene kan la seg irritere på denne måten. Brukar du apporterande hund under jakta, blir kråkene endå meir irritert når dei ser hunden som hentar deira daude artsfrendar.
Ammunisjon og våpenvalg
I gamle dager brukte jegerane å seie at kråka hadde ei fjørdrakt på brystet som fungerte som eit panser, og at det var umogeleg å skyte kråker som kom rett mot jegeren. Det vart òg sagt at kråkene var beskytta av onde makter og svart trolldom.
Vi veit alle at desse påstandane er feil, og at kråker slett ikkje er så vanskeg å felle som dei i gamledager skulle ha det til. Men ein skal hugse på at skothaldet med hagle på kråke og ravn ikkje bør vere av det lengste. Fjærdrakta til desse dyra, og då spesielt ravnen, er tjukk og beskyttar godt. Skotsituasjonar med reine motskot eller skot frå sida når fuglen sit med vengjene tett mot kroppen bør derfor vurderast nøye. Det kan vere ein fordel å bruke relativt grove hagl på kråker og ravn. Sjølv bruker eg US.6 og 7 på kråker, og US. 4 og 5 på ravn. Viktigare enn haglstørrelsar er det å vurdere skothaldet før skotet går. Med auka skothald, minskar kvart blyhagl sin effektivitet og gjennomslagskraft, og skotbiletet vert meir ujamnt. Igjen nevner eg at jegeren bør kjenne sitt våpen og ammunisjon og dømme situasjonen etter dette.
Skal ein utelukkande skyte sitjande fugl på åtet, er det ein fordel å bruke eit forholdsvis trangt våpen. Då kan ein tøye haldet litt, og likevel få eit tilstrekkeleg skotbilete. Bruk av magnumskot i hagla kan vere eit klokt valg. Sjølv har eg skote kråker på 50-60m med supermagnum i 12/89. Dette har fungera til ei viss grad, men eg vil ikkje anbefale det utan å ha prøveskote først.
Kvar gong det er snakk om å bruke rifle på forskjellege viltartar kjem spørsmålet om kalibervalg opp. På dagens marked er det mangfoldige kaliber å velje mellom. Alt frå nyleg temma villkattar, til dei ”sikre” gamle kalibera. Mange jegerar bruker relativt små kaliber som .22lr, .223 og 22.250 på kråka. Eg veit at det er mange som sverger til 22.250 som kråkebørse. Den som vil ha ei rifle med drep i til bruk på smått vilt kan gjerne velge dette kaliberet. Dets hastigheit og lette kuler gjev ei nærmast eksplosiv verkning i viltet og fungerar såleis godt. Særleg lada med Hornady V-Max i over 1200m/s har dette kaliberet visa kva det har å stille opp med! Slike rifler fungerar nok ekstra godt om ein har påmontert ein lyddempar på våpenet. Då vil kråkene ha store problem med å lokalisere faren, og dei vil ikkje bli så skremde.
Sjølv bruker eg hjortebørsa i 6,5X55 på kråkene. Dette er eit godt kaliber og kan brukast på alt frå det største til det minste. Eg har brukt litt forskjelleg av patroner. Lapuas trainer-patroner har butt spiss, noko som gjev ei større sjokkverkning i dyret. Denne kula fungerar heilt greitt, og eg har aldri hatt problem med skadeskyting på verken ravn eller kråke. Allikevel er eg ikkje heilt nøgd med desse kulene. Dei ”river” for lite…. Som eit billeg alternativ liker eg vanleg rekruttammo. Sierra si 100grs holspiss-kule fungerar utmerka, og dømmer ravnen til dauden ved første anslag. Elles har eg prøva 95grs v-max som eg har lada sjølv. Denne kula grev ut det meste av innmaten i ravnebrystet, for å seie det sånn!
I .308win har eg prøva to kuler. UMC sin treningsammo er ei av dei. Resultat har vore to skadeskytingar med denne spisse heilmantelkula. Den andre kula eg har prøva er Sellier&Bellot si 180grs roundnose blyspisskule. Denne kula gjev den mest spektakulære effekten av kulene eg har prøva hittil! Det er ikkje så mykje ravn igjen på den sida kula går ut, for å seie det slik!
Våren 2003 kom det eit nytt kaliber på markedet. .17 Hornady Rimefire er utvikla for bruk på små skadedyr og har blitt ein slager i Amerika. Denne kula skal ha ei høg hastigheit og god sjokkverkning. Bladet Jakt testa ei Marlin rifle modell VS 17 i dette kaliberet, og konkluderte med at dette kaliberet nok ville vere eit godt alternativ til bruk på små skadedyr som kråker og ravn. Dette våpenet presterte ei samling på 6mm på 100m rett frå eska. Dette var svært imponerande ettersom rifla kosta under 3000kr inkl. kikkartsikte. Problemet med dette kaliberet er forøvrig det innsnurpa bruksområdet. Anslagsenergien held nok dessverre ikkje til bruk på større dyr enn nettopp ravn. Den lette kulevekta betyr ei stor vindfølsomheit, som nok kan setjast i bås med dens mykje meir utprøvde kamerat .22LR. Fordelen med .22LR er eit stort og billeg utvalg av patroner, svak rekyl og lite smell. I tillegg fins det svært billege våpen i .22 på markedet.
PS: jeg var usikker på hvor jeg skulle poste denne siden jeg ser kråker over allt. så om det er skogs fugel eller sjø fugel vet jeg bare ikke. administrator kan flytte denne posten vist den er postet på feil plass. _________________
 |
|
| Til Toppen |
|
 |
.35Whelen Moderator


Ble Medlem: 12 Apr 2005 Innlegg: 423 Bosted: Vestfold
|
Skrevet: Man Nov 13, 2006 6:25 pm Tittel: |
|
|
Ligger nok på en grei plass
Men kildehenvisning er alltid greit å legge ved når man sakser såpass med lesestoff  _________________ "Only accurate guns are interesting"
Både gjær og begjær reiser brødet........ |
|
| Til Toppen |
|
 |
RS_jenssen Moderator


Ble Medlem: 06 Apr 2005 Innlegg: 103 Bosted: Frei
|
Skrevet: Man Nov 13, 2006 6:29 pm Tittel: |
|
|
| .35Whelen skrev: | Ligger nok på en grei plass
Men kildehenvisning er alltid greit å legge ved når man sakser såpass med lesestoff  |
husker desverre ikke hvor jeg fant dette skrivet. men vist jeg husker det senere så vet jeg hvordan redigerings funksjonen fungerer  _________________
 |
|
| Til Toppen |
|
 |
Stiansen 22 LR

Ble Medlem: 09 Okt 2008 Innlegg: 3
|
Skrevet: Søn Aug 16, 2009 2:08 pm Tittel: litt om kråkejakt |
|
|
Synd at det ikkje er større skotpremie på ravnen og kråka, enkelte plasser er det ingen skotpremie på kråke og ravn... Synd, om det hadde vore 80-120,- kr i skotpremie hadde det vore langt mindre kråke og ravn. Samtidig at småviltbestanden hadde økt. _________________ Mvh. Stian |
|
| Til Toppen |
|
 |
|
|
Du kan ikke starte nye temaer i dette forumet Du kan ikke svare på temaer i dette forumet Du kan ikke endre dine egne innlegg i dette forumet Du kan ikke slette dine egne innlegg i dette forumet Du kan ikke delta i avstemninger i dette forumet
|
phpBB.no - Norsk phpBB support
Powered by phpBB © 2001, 2005 phpBB Group
|